FOREININGSPORTAL Foreiningar i Hyllestad

Tilskot til trafikktryggingsaktivitetar

To gongar om året deler Vestland fylkeskommune ut tilskot til aktivitetar og prosjekt som fremmar trafikksikker åtferd blant trafikantane. Søknadsfrist for første tildeling i 2025 er 1. desember 2024. Frist for andre tildeling blir 1. september 2025. Kommunar, skular og barnehagar (inkludert FAU), helsestasjonar, lag og foreiningar, organisasjonar, institusjonar, aksjonsgrupper og kommunale medverknadsorgan (råd for menneske med nedsett funksjonsevne, eldreråd, ungdomsråd e.l.) kan søke om tilskot.

Tilskot under kr. 50.000,- er utan eigendel. 

Sjå lenkja nedanfor med all informasjon:

https://vestlandfylke.no/fylkesveg/trafikktryggleik/trafikktryggingsaktivitetar/


Kva tiltak kan det søkjast om?

Det kan søkjast om tilskot til aktivitetar og prosjekt som bidrar til god åtferd i trafikken. Dette inkluderer mindre investeringar som er naudsynte for gjennomføringa av aktivitetar og prosjekt, eller som vil bidra til eit større utbyte av desse.

Ei rekke typar tiltak fell inn under omgrepa aktivitetar og prosjekt, til dømes haldningsskapande tiltak, informasjonstiltak, trafikkopplæring, arrangement, kampanjar, aksjonar, pilot- og prøveprosjekt, med meir. 

Prosjekt kan til dømes vera vidareutvikling og utprøving av nye tiltak, utvikling av ny kunnskap og nye samarbeidsformer, med meir. For å verta tildelt prosjektmidlar er det ein føresetnad at erfaringane frå prosjekta kan delast med andre i etterkant.

Annen informasjon
2024 © Foreningsportal