-
Alle inkludert!
Viser til vedlagt plan – den er aktuell i høve satsingsområde/ målsetjingar i t.d. samfunnsdelen av kommuneplanen, oppvekstplan og frivilligpolitikk/samarbeid. Den handlar i stor grad om å skape «innanforskap». Dei fleste barn i Noreg er med i fritidsaktivitetar i barndommen, men skilnadane i kven som deltek er store. Prisane aukar og deltakinga dett. Barn som kjem frå familiar med dårleg råd og lite nettverk er dei som fell oftast utanfor. Inkludering må skje i nabolaga der barna bur. Kommunar blir bedne om å bruke planen og dele den med lokale aktørar innanfor fritidsaktivitetar for barn og unge.
Søk tilskot til aktivitetar i Frilutslivets år
Vestland fylkeskommune lyser ut tilskot til lågterskel fysisk aktivitet og vil prioritere søknadar som gjeld varig auke i friluftsaktivitetar. 2025 er Friluftslivets år, og Vestland fylkeskommune har ei koordinerande rolle for å arrangere felles møteplassar, drive kompetanseheving og understøtte tiltak i heile fylket.Kven kan søke?
Kommunar og regionale ledd av lag og organisasjonar. Primæraktivitetane til søkjar skal vere lokaliserte i Vestland, og tiltaket må å overføringsverdi til andre. Andre relevante aktørar kan vurderast.
Organisasjonar/kommunane vert oppmoda til å samarbeide om tiltak på tvers av kommunane i fylket
Søknadsfrist
15. februar
Ver merksam på at dei regionale organisasjonane kan ha eigne fristar.
Kva gir vi støtte til?
Tiltak som skapar varig auka aktivitet.
Prosjekt som gjer det enklare for barn, unge, unge vaksne og eldre å vere aktive i lokalmiljøa.
Ny kompetanse og overføringsverdi.
Tiltaka skal lære oss noko, og modellane skal kunne delast med andre.
Tiltak med stor grad av medverknad frå målgruppene blir prioriterte.
Tiltak som fremjar fysisk aktivitet blant ulike grupper samtidig i same område.
Les meir her: