-
Alle inkludert!
Viser til vedlagt plan – den er aktuell i høve satsingsområde/ målsetjingar i t.d. samfunnsdelen av kommuneplanen, oppvekstplan og frivilligpolitikk/samarbeid. Den handlar i stor grad om å skape «innanforskap». Dei fleste barn i Noreg er med i fritidsaktivitetar i barndommen, men skilnadane i kven som deltek er store. Prisane aukar og deltakinga dett. Barn som kjem frå familiar med dårleg råd og lite nettverk er dei som fell oftast utanfor. Inkludering må skje i nabolaga der barna bur. Kommunar blir bedne om å bruke planen og dele den med lokale aktørar innanfor fritidsaktivitetar for barn og unge.
Søknadskurs med Sparebankstiftinga
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, og alle typar allmennyttige tiltak kan bli tildelt gåvemidlar. Våre søknadsfristar for ordinære gåver er 1. mars og 1. september kvart år.I framkant av søknadsfristen 1. september 2024 inviterer Sparebankstiftinga til kurs i søknadsskriving.
Kurset er tilpassa lag og organisasjonar som skal søkje midlar til si verksemd, og tar for seg korleis ein søknad om midlar bør sjå ut; anten ein har tenkt å søkje gåvemidlar frå Sparebankstiftinga eller andre tilskotsordningar.
I tillegg vert det høve til å møte stiftinga sin administrasjon på dagtid kursdagen/-staden, om du ønskjer råd og innspel knytt til gåvesøknader. Nedanfor finn du informasjon om kursa og korleis du avtalar møtetid.
KURSPLAN
Torsdag 22. august 2024 – Digitalt søknadskurs for HAFS-regionen
Kl. 20.00-21.30
Påmeldingsskjema
https://www.anpdm.com/public/event/RegistrationForm/43465B4678474B58427240