-
Alle inkludert!
Viser til vedlagt plan – den er aktuell i høve satsingsområde/ målsetjingar i t.d. samfunnsdelen av kommuneplanen, oppvekstplan og frivilligpolitikk/samarbeid. Den handlar i stor grad om å skape «innanforskap». Dei fleste barn i Noreg er med i fritidsaktivitetar i barndommen, men skilnadane i kven som deltek er store. Prisane aukar og deltakinga dett. Barn som kjem frå familiar med dårleg råd og lite nettverk er dei som fell oftast utanfor. Inkludering må skje i nabolaga der barna bur. Kommunar blir bedne om å bruke planen og dele den med lokale aktørar innanfor fritidsaktivitetar for barn og unge.
Huset i Bygda
STØTTE TIL BYGNINGSMESSIGE TILTAK TIL ORGANISASJONSEIGDE KULTURHUS. Frå 2019 overtok Huset i Bygda ansvaret med å administrere ordninga med gåvetilskot til lagseigde kulturhus frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Ordninga er framleis finansiert med midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.Vi har to ulike støtteordningar:
- Større bygningsmessige tiltak: Frist for å søke om tilskot er 15. april og søknadsskjema finn de her: https://storymaps.arcgis.com/.../1822ec5c269d49b88254f3e4...
- OBS! for søknader under kr. 30 000 kan de sende forenkla søknad til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ( https://soknad.sparebankstiftinga.no/ ). Her er det inga søknadsfrist.
Om søknadsordninga
Gåveordninga er avgrensa til lokale kulturhus i Sogn og Fjordane og skal gå til til bygningsmessige tiltak. Det vil si alle fysiske formar for tiltak på organisasjonseigde hus, som renovering av tak, veggar, vindauge, kjøkken, toalett, universell utforming osv.
Del på:
Annen informasjon