-
Alle inkludert!
Viser til vedlagt plan – den er aktuell i høve satsingsområde/ målsetjingar i t.d. samfunnsdelen av kommuneplanen, oppvekstplan og frivilligpolitikk/samarbeid. Den handlar i stor grad om å skape «innanforskap». Dei fleste barn i Noreg er med i fritidsaktivitetar i barndommen, men skilnadane i kven som deltek er store. Prisane aukar og deltakinga dett. Barn som kjem frå familiar med dårleg råd og lite nettverk er dei som fell oftast utanfor. Inkludering må skje i nabolaga der barna bur. Kommunar blir bedne om å bruke planen og dele den med lokale aktørar innanfor fritidsaktivitetar for barn og unge.
Tilskot til inkludering av barn og unge
Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa for ordninga er barn og unge til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. Utanforskap handlar om å stå utanfor ulike arenaer eller fellesskap i samfunnet. Søknadsfrist er 1.november!Risikofaktorar for utanforskap kan vere:
- å vekse opp i familiar med låginntekt
- manglande sosialt nettverk
- manglande tilknyting til skule/arbeid
- manglande deltaking i fritidsaktivitetar
Kven kan søkje?
- Offentlege instansar
- Frivillige organisasjonar
- Private aktørar
Les meir om utlysing og vilkår på bufdir sine sider:
Del på:
Annen informasjon