-
EQUINORSTØTTEN
Vi støtter små og store initiativer over hele landet
Tilskot til trafikktryggingsaktivitetar
Vestland fylkeskommune delar ut tilskot til aktivitetar og prosjekt som fremmar trafikksikker åtferd blant trafikantane. Dette er ei årleg tildeling. Søknadsfrist er 1. november 2026.Føremål
Tilskotsordninga skal bidra til at fleire trafikantar har ei trafikksikker åtferd.
Kven kan søkje?
Kommunar, skular og barnehagar (inkludert FAU), helsestasjonar, lag og foreiningar, organisasjonar, institusjonar, aksjonsgrupper og kommunale medverknadsorgan (råd for menneske med nedsett funksjonsevne, eldreråd, ungdomsråd e.l.) kan søke om tilskot.
Ordninga gjeld aktivitetar og prosjekt innanfor Vestland fylke. Landsomfattande organisasjonar kan ikkje bli tildelt midlar sentralt.
Kva tiltak kan det søkjast om?
Det kan søkjast om tilskot til aktivitetar og prosjekt som bidrar til god åtferd i trafikken. Dette inkluderer mindre investeringar som er naudsynte for gjennomføringa av aktivitetar og prosjekt, eller som vil bidra til eit større utbyte av desse.
Ei rekke typar tiltak fell inn under omgrepa aktivitetar og prosjekt, til dømes haldningsskapande tiltak, informasjonstiltak, trafikkopplæring, arrangement, kampanjar, aksjonar, pilot- og prøveprosjekt, med meir.
Prosjekt kan til dømes vera vidareutvikling og utprøving av nye tiltak, utvikling av ny kunnskap og nye samarbeidsformer, med meir. For å verta tildelt prosjektmidlar er det ein føresetnad at erfaringane frå prosjekta kan delast med andre i etterkant.
Les meir her:
https://www.vestlandfylke.no/fylkesveg/trafikktryggleik/trafikktryggingsaktivitetar/