FOREININGSPORTAL Foreiningar i Hyllestad

Alle inkludert!

Viser til vedlagt plan – den er aktuell i høve satsingsområde/ målsetjingar i t.d. samfunnsdelen av kommuneplanen, oppvekstplan og frivilligpolitikk/samarbeid. Den handlar i stor grad om å skape «innanforskap». Dei fleste barn i Noreg er med i fritidsaktivitetar i barndommen, men skilnadane i kven som deltek er store. Prisane aukar og deltakinga dett. Barn som kjem frå familiar med dårleg råd og lite nettverk er dei som fell oftast utanfor. Inkludering må skje i nabolaga der barna bur. Kommunar blir bedne om å bruke planen og dele den med lokale aktørar innanfor fritidsaktivitetar for barn og unge.

alle-inkludert_handlingsplan for like mogelegheiter for å delta i kulturidrettogfriluftlivsaktivitetar

Planen inneheld 43 tiltak fordelt på 6 innsatsområde: 

- å gje god og tilgjengeleg informasjon om aktivitetar og tilbod, 

- gje eit større mangfald av tilbod tilgjengeleg for fleire,

- stimulere til meir og nye former for samhandling, 

- styrke barn og unge sine stemmer og lokalmedverking,

- fritids-. og kulturaktivitetar, og 

- få ned prisen og kostnadsdrivarar på aktivitetar


Annen informasjon
2024 © Foreningsportal