-
Aktiv fritid for alle 2025
Lag og foreninger som har gode tiltak som fører til at flere deltar i jevnlige og langvarige aktivitets- og fritidstilbud, kan søke om støtte. Søknadsfrist: 1. september 2025 klokken 16:00.
Alle inkludert!
Viser til vedlagt plan – den er aktuell i høve satsingsområde/ målsetjingar i t.d. samfunnsdelen av kommuneplanen, oppvekstplan og frivilligpolitikk/samarbeid. Den handlar i stor grad om å skape «innanforskap». Dei fleste barn i Noreg er med i fritidsaktivitetar i barndommen, men skilnadane i kven som deltek er store. Prisane aukar og deltakinga dett. Barn som kjem frå familiar med dårleg råd og lite nettverk er dei som fell oftast utanfor. Inkludering må skje i nabolaga der barna bur. Kommunar blir bedne om å bruke planen og dele den med lokale aktørar innanfor fritidsaktivitetar for barn og unge.Planen inneheld 43 tiltak fordelt på 6 innsatsområde:
- å gje god og tilgjengeleg informasjon om aktivitetar og tilbod,
- gje eit større mangfald av tilbod tilgjengeleg for fleire,
- stimulere til meir og nye former for samhandling,
- styrke barn og unge sine stemmer og lokalmedverking,
- fritids-. og kulturaktivitetar, og
- få ned prisen og kostnadsdrivarar på aktivitetar
Del på:
Annen informasjon