-
Alle inkludert!
Viser til vedlagt plan – den er aktuell i høve satsingsområde/ målsetjingar i t.d. samfunnsdelen av kommuneplanen, oppvekstplan og frivilligpolitikk/samarbeid. Den handlar i stor grad om å skape «innanforskap». Dei fleste barn i Noreg er med i fritidsaktivitetar i barndommen, men skilnadane i kven som deltek er store. Prisane aukar og deltakinga dett. Barn som kjem frå familiar med dårleg råd og lite nettverk er dei som fell oftast utanfor. Inkludering må skje i nabolaga der barna bur. Kommunar blir bedne om å bruke planen og dele den med lokale aktørar innanfor fritidsaktivitetar for barn og unge.
Hyllestad Vekst
Hyllestad Vekstmidlane er eit verkemiddel i arbeidet for å styrke utviklingsevna til kommunen, næringslivet og dei frivillige organisasjonane. Vi skal legge til rette for styrking av næringsliv og busetting i Hyllestad. Bruken av midlane skal spegle mål, strategi, tiltak og handling i prosjektplan: Hyllestad Vekst 2023-2026 «Eit godt liv i distrikta» og elles ha støtte i overordna styringsverktøy, kommuneplan og økonomiplan når det er aktuelt.Her finn ein informasjon om Hyllestad Vekst og retningslinjer for fase 3 i perioden 2023 - 2026:
Tiltaksmidlar Hyllestad Vekst 2023-2026
Her finn du søknadsskjema til Hyllestad Vekst:
2024-0111 Søknadsskjema midlar
Del på:
Annen informasjon