FOREININGSPORTAL Foreiningar i Hyllestad

Støtte til friluftsaktivitetar

I samband med Friluftslivets år 2025 har styret i Fjordane Friluftsråd sett av 250 000kr av oppsparte midlar til støtte for prosjekt og initiativ som fremjar friluftsliv i våre kommunar. Målsetjinga er å tilretteleggje for og oppmode innbyggjarane til å bruke naturen meir aktivt, og skape berekraftige løysingar som aukar interessa og deltakinga i friluftslivsaktivitetar i åra som kjem.

Kven kan søkje?

Alle som har eit prosjekt som fell inn under dette føremålet kan søkje på midlar. Dette kan vere alt frå tilrettelegging av uteområde, etablering av nye stiar, organisering av turar og aktivitetar, til utvikling av andre løysingar for friluftsliv. Vi tildeler midlar på inntil 10 000kr pr prosjekt.

Gjerne legg dette ved søknaden:

•    Skildring av prosjektet sitt føremål og korleis det vil fremje friluftsliv i kommunen.

•    Plan for gjennomføring og varigheit av prosjektet.

•    Berekraftig tilnærming og korleis prosjektet vil bidra til langvarig interesse for friluftsliv.

•    Budsjett som viser korleis midlane skal brukast.

•    Eventuell medfinansiering eller samarbeid med andre aktørar.

Søknadsfrist: Vi tek imot søknadar frå no og fram til 16. mai.

Slik søker du: Send søknaden til jens.petter@friluftsrad.no

Vi oppmodar alle til å tenkje kreativt og langsiktig – kva kan gjerast for å inspirere innbyggjarane til å kome ut i naturen, og korleis kan friluftsliv bidra til både fysisk og mental helse i kommunen? Vi ser fram til å støtte prosjekt som skaper varige verdiar for lokalsamfunnet.

Vi ønskjer å bidra til at fleire får høve til å oppleve gleda ved friluftsliv – for no og i framtida!


Annen informasjon
2025 © Foreningsportal